Ting av verkeleg verdi har ingen prislapp. Heller ikkje brukte kle.

Har du skapet fullt av kle du ikkje har bruk for? Gamle handdukar og sengesett som er falma eller har slitasje? Det er ganske vanleg at vi samlar på slike ting, sko som ikkje passar, lager gnagsår eller ikkje matcha slik du trudde, kle vi har gått lei av eller er fråvaksne, umoderne dukar og gardiner som skaper kaos i hyller og hovud.

Vi i Fileks trur på at brukte kle er ein ressurs vi må utnytte SMART. Kleda du gjer oss skal vidare til gjenbruk og resirkulering. Verdilause ting for deg får forlenga levetid gjennom gjenbruk, eller gjenoppstår som nye og verdifulle produkt for andre. Vi vil gje tilbake. Vår målsetning er at vi skal spele ei vesentleg rolle for å skape ei betre framtid. Dette oppnår vi ved å ta sunne miljøval og å ha ei bevisst haldning til naturvern. Som eit ledd i denne prosessen får vi vere med på å skape reelle og viktige arbeidsplassar for menneske frå ditt lokalsamfunn.


Våre verdiar; vi er ærlege, lidenskapelege og ansvarsfulle. 


 
 

KVEN ER VI?

Litt om framtid og fortid

Les meir →

INNSAMLING AV KLE

Finn ditt næraste innsamlingspunkt.
Fileks AS tek imot all slags tekstil.

Les meir →